Venstre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Venstre er òg navnet på eit politisk parti i Danmark, sjå Venstre i Danmark
- For ein artikkel om den politiske venstresida generelt (som Venstre ikkje er ein del av), sjå Venstresida
Venstre | |
Partileiar: | Lars Sponheim |
Foto: Partilogoen | |
Oppretta: | 1884 |
Ideologi: | Sosialliberalisme |
Farge: | Lysegrøn |
Hovudkontor: | Møllergaten 16 0179 Oslo |
Epost: | venstre@venstre.no |
Nettstad: | http://www.venstre.no/ |
Ordførarar: | 8 |
Kommunestyrerepresentantar: | 431 |
Fylkestingsrepresentantar: | 27 |
Stortingsrepresentantar: | 10 |
Medlemstal: | ? |
Ungdomsorganisasjon: | Unge Venstre |
Partiavis: | liberal.no |
Internasjonal tilknyting: | Den liberale internasjonale |
Europeisk tilknyting: | Det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet |
Les òg: | Norsk politikk Norske parti Norske røystingar |
Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Noreg. Det er det eldste politiske partiet i Noreg, og vart grunnlagd i 1884. Leiaren er Lars Sponheim, sidan 1996. Ved stortingsvalet 2005 fekk Venstre 5,9 % av røystene og 10 representantar på Stortinget. Sidan det valet er Venstre i opposisjon. Venstre er medlem av Den liberale internasjonale og det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet.
Innhaldsliste |
[endre] Politikk
Venstre reknar seg sjølv som eit sentrumsparti. Gjennom tidene har partiet tatt del i både breie borgarlege koalisjonsregjeringar og reine sentrumskoalisjonar. Frå 2001 til 2005 tok partiet del i regjeringa Bondevik II, ei koalisjonsregjering med Høgre og Kristeleg Folkeparti. Etter at denne regjeringa fall ved stortingsvalet 2005 er Venstre no i opposisjon. Partiet sin ideologi framhevar fridom for individet, kombinert med sosialt ansvar. Sidan tidleg på 1970-talet har miljøvern vore den politiske hovudsaka til partiet. I dei siste valkampane har Venstre fokusert på miljøvern og tilhøva for små og mellomstore bedrifter. Nokre saker Venstre går inn for er fri arbeidsinnvandring, avskaffing av statskyrkja, flatare skatt og større lokalt sjølvstyre. På landsmøtet i 2005 vedtok partiet med minst moglege margin å framleis vera motstandar av norsk medlemskap i EU. I staden går Venstre inn for framhald av EØS-avtalen.
[endre] Organisasjon
Leiaren for partiet, sidan 1996, er Lars Sponheim. På landsmøtet i april 2006 vart Trine Skei Grande og Olaf Thommessen gjenvalde som første og andre nestleiar. Desse vert valde på landsmøte annakvart år. Venstre si stortingsgruppe tel 10 representantar. Parlamentarisk leiar er Lars Sponheim.
Ungdomsfylkinga til partiet heiter Unge Venstre. Knytta til partiet er òg ei kvinnefylking, Venstrekvinnelaget, og eit studentlag, Liberale Studenter.
Medlemsavisa til Venstre heiter liberal.no. Fram til 1970-talet var Dagbladet, Bergens Tidende og fleire andre aviser nært knytte til Venstre.
[endre] Historie
[endre] Grunnleggjing
Venstre vart danna I 1884 som eit resultat av striden om innføring av parlamentarisme i Noreg. Venstre vart danna av dei politiske kreftene som gjekk inn for parlamentarisme, i motsetning til Høgre, som var dei kreftene som gjekk imot. Då kampen for parlamentarismen var vunnen vart leiaren av Venstre, Johan Sverdrup, den første norske statsministeren som vart utpeika på grunnlag av å ha fleirtalet i Stortinget bak seg. Men den breie koalisjonen som Venstre i realiteten var heldt ikkje saman lenge. I 1888 braut store delar av partiet, assosiert med lekmannskristne rørsler og leia av predikanten Lars Oftedal, ut og danna Moderate Venstre. Dette vart det første av mange partisplittingar i Venstre si soge.
I perioden frå 1884 til mellomkrigstida veksla Venstre og Høgre på å ha regjeringsmakta i landet. Venstre gjekk i denne tida inn for mellom anna almenn røysterett for menn, som vart oppnådd i 1898, oppløysing av unionen med Sverige, som skjedde i 1905, og almenn røysterett for kvinner, som vart gjennomført i 1913. Venstre har hatt seks statsministrar, den siste var Johan Ludwig Mowinckel, som gjekk av frå sin tredje og siste periode som statsminister i 1935.
[endre] Minskande oppslutning
Med Arbeidarpartiet sin vekst mista Venstre gradvis stemmer i arbeidarklassen. Tidleg på 1900-talet mista partiet òg den mest konservative fløyen sin til Samlingspartiet og Frisindede Venstre. Stortingsvalet i 1915 var det siste der Venstre, under Gunnar Knudsen, vart det største partiet, og vann reint fleirtal på Stortinget. Venstre vart ytterlegare svekka med danninga av Bondepartiet i 1920. Sjølv om Bondepartiet ikkje var eit reint utbrytarparti frå Venstre tok det mesteparten av veljarane sine frå tidlegare Venstre-veljarar. I 1933 vart òg utbrytarpartiet Kristeleg Folkeparti danna etter nominasjonsstrid i Venstre i Hordaland. Då dette vart eit landsdekkande parti etter andre verdskrigen gjekk det ytterlegare ut over Venstre si oppslutning.
[endre] Etterkrigstida
Venstre var lenge skeptisk til å ta del i forpliktande samarbeid med Høgre, men i 1963 vart partiet for første gong med i ei koalisjonsregjering med Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Regjeringa Lyng sat berre nokre veker, men før stortingsvalet 1965 gjekk Venstre til val på ei ny borgarleg koalisjonsregjering. Valet gav framgang for Venstre, for første gong på lenge, og førte til danninga av den borgarlege samarbeidsregjeringa Borten.
På 1960-talet utvikla det seg etter kvart store spenningar mellom det ein kan kalla radikale og moderate fløyar i partiet. Dei radikale, som mellom anna var forbunde med avisa Dagbladet og dominerte i Unge Venstre, var skeptiske til samarbeid med Høgre. Unge Venstre vedtok mot slutten av 1960-talet årvisse resolusjonar der dei oppmoda til å gå ut av Borten-regjeringa. Dei radikale var dessutan motstandarar av norsk medlemskap i EEC. Leiaren frå 1952 til 1964, Bent Røiseland, tilhøyrde den moderate delen av partiet og sto sterkt bak deltakinga i Borten-regjeringa. Dei moderate var òg til dels sterke tilhengjarar av norsk EEC-medlemskap. I 1964 tok den radikale Gunnar Garbo over som leiar, men gjekk av i 1970 etter eit dårleg valresultat ved stortingsvalet 1969. Ny leiar vart EEC-tilhengjaren Helge Seip. Då EEC/EF-striden tok av for fullt tidleg på 1970-talet engasjerte framtredande Venstre-politikarar seg sterkt på begge sider. Då regjeringa Bratteli gjekk av etter folkeavrøystinga vart det danna ei rein nei til EF-regjering under Lars Korvald. Landsstyret i Venstre vedtok å gå med i denne regjeringa, sjølv om fleirtalet (9 av 13) i stortingsgruppa var EF-tilhengjarar og gjekk imot deltaking i regjeringa. Resultatet vart det ekstraordinære landsmøtet på Røros. Etter at det vart klart at dei var i mindretal i Venstre forlot ja-folka landsmøtesalen, anført av Helge Seip og Bent Røiseland, den 11. november 1972. Dei danna seinare Det Nye Folkepartiet.
Det påfølgjande stortingsvalet 1973 vart ein katastrofe for Venstre, som fekk stortingsgruppa si redusert til to representantar. Året etter, i 1974, vart Venstre det første partiet i Noreg som fekk ein kvinneleg partileiar, Eva Kolstad.
Etter at den moderate fløyen hadde gått ut av partiet freista Venstre å markera seg klarare som eit sentrumsparti, som ikkje automatisk tilhøyrde verken venstre- eller høgresida i politikken. Partiet styrka òg ein grøn profil, miljøsaka vart den viktigaste enkeltsaka. Ved stortingsvala i 1973, 1977 og 1981 gjekk Venstre til val utan å binda seg til eit bestemt regjeringsalternativ på førehand. Før stortingsvalet 1985 vedtok partiet for første gong å gå til val på eit regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. Ved dette valet ramla Venstre for første gong heilt ut av Stortinget, og partileiaren, Odd Einar Dørum gjekk av.
Før stortingsvalet 1989 plasserte Venstre seg på nytt i den borgarlege leiren, og gjekk til val på eit sentrum-høgre samarbeid. I 1988 vart partiet slått saman igjen med dei gamle utbrytarane i Det Liberale Folkepartiet. Likevel makta Venstre ikkje å koma tilbake på Stortinget før i 1993. Då vart Lars Sponheim vald inn på Stortinget frå Hordaland. Ved EU-strida før folkeavrøystinga i 1994 gjekk Venstre mot EU-medlemskap, men for EØS-avtalen. I 1996 vart Sponheim vald til ny leiar, og året gjekk etter gjekk Venstre til val med målsetjing å delta i ei sentrumsregjering, saman med Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Ved stortingsvalet 1997 kom Venstre over sperregrensa med 4,5 % av røystene, og vart med i sentrumsregjeringa, som sat til 2000. Ved stortingsvalet 2001 var målsetjinga under valkampen å gjenreisa sentrumsregjeringa, men då alle tre sentrumspartia gjekk tilbake ved valet vart dette umogleg. Venstre gjekk istaden inn i den andre Bondevikregjeringa saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti. Partiet fekk berre to stortingsrepresentantar men fekk tre statsrådar i regjeringa. Under valkampen i 2005 framheva Venstre partiet si nøkkelrolle for at Bondevikregjeringa skulle bli sitjande. Valet vart ein stor suksess for Venstre, med 5,9 % av røystene og 10 stortingsrepresentantar, det beste valresultatet sidan 1969. Regjeringa fall likevel, og Venstre er sidan valet i opposisjon. På landsmøtet i 2006 vart Lars Sponheim gjenvald som leiar for to nye år.
[endre] Partileiarar
- Johan Sverdrup: 1884
- Ole Anton Qvam: 1884-1889
- Johannes Steen: 1889-1893
- Viggo Ullmann: 1893-1894
- Ole Anton Qvam: 1894-1896
- Viggo Ullmann: 1898-1900
- Lars Holst: 1900-1903
- Carl C. Berner: 1903-1909
- Gunnar Knudsen: 1909-1927
- Johan L. Mowinckel: 1927-1940
- Jacob S. Worm-Müller: 1945-1952
- Bent Røiseland: 1952-1964
- Gunnar Garbo: 1964-1970
- Helge Seip: 1970-1972
- Helge Rognlien: 1972-1974
- Eva Kolstad: 1974-1976
- Hans Hammond Rossbach: 1976-1982
- Odd Einar Dørum: 1982-1986
- Arne Fjørtoft: 1986-1990
- Håvard Alstadheim: 1990-1992
- Odd Einar Dørum: 1992-1996
- Lars Sponheim: 1996-
[endre] Statsministrar frå Venstre
- Johan Sverdrup 1883-1889
- Johannes Steen 1891-1893 og 1899-1902
- Otto Albert Blehr 1902-1903 og 1921-1923
- Jørgen Løvland 1907-1908
- Gunnar Knudsen 1908-1910 og 1913-1920
- Johan Mowinckel 1924-1926, 1928-1931 og 1933-1935.
[endre] Koalisjonsregjeringar som Venstre har tatt del i
- Regjeringa Lyng 1963
- Regjeringa Borten 1965-1971
- Regjeringa Korvald 1972-1973
- Regjeringa Bondevik I 1997-2000
- Regjeringa Bondevik II 2001-2005
[endre] Oppslutning
Venstre har tradisjonelt stått sterkast på Vestlandet, men dette ser ut til å vera i ferd med å endra seg. Ved dei siste seks stortingsvala før 2005 var Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal dei beste fylka for partiet. Ved stortingsvalet i 2005 vart for første gong Oslo det beste fylket til Venstre, med Akershus på andreplass.
[endre] Oppslutning ved stortingsval 1906-2005
Årstal | Prosent av røystene | Antal stortingsrepresentantar |
---|---|---|
1906 | 45,4% | 73 |
1909 | 30,7% | 46 |
1912 | 40,2% | 76 |
1915 | 33,3% | 74 |
1918 | 28,3% | 52 |
1921 | 20,1% | 37 |
1924 | 18,7% | 34 |
1927 | 17,3% | 30 |
1930 | 20,2% | 33 |
1933 | 17,1%¹ | 24 |
1936 | 16,0% | 23 |
1945 | 13,8% | 20 |
1949 | 13,5%² | 21 |
1953 | 10,0% | 15 |
1957 | 9,6%² | 15 |
1961 | 8,9%² | 14 |
1965 | 10,3%² | 18 |
1969 | 9,4% | 13 |
1973 | 3,5%² | 2 |
1977 | 3,2%² | 2 |
1981 | 3,9%² | 2 |
1985 | 3,1% | 0 |
1989 | 3,2% | 0 |
1993 | 3,6% | 1 |
1997 | 4,5% | 6 |
2001 | 3,9% | 2 |
2005 | 5,9% | 10 |
¹ Omfattar fellesliste med Radikale Folkeparti i Hedmark.
² Venstre tok del i felleslister med eit eller fleire av partia Bondepartiet/Senterpartiet, Det Nye Folkepartiet, Høgre eller Kristeleg Folkeparti, dette talet er eit anslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
[endre] Oppslutning ved fylkestingsval 1928-2003
Årstal | Prosent av røystene |
---|---|
1928 | 10,0% |
1931 | 11,6% |
1934 | 11,6% |
1937 | 11,1% |
1945 | 8,0% |
1947 | 9,4% |
1951 | 9,4% |
1955 | 8,5% |
1959 | 8,9% |
1963 | 8,4% |
1967 | 9,8% |
1971 | 8,5% |
1975 | 3,8% |
1979 | 5,3% |
1983 | 4,4% |
1987 | 3,3% |
1991 | 3,5% |
1995 | 4,7% |
1999 | 4,2% |
2003 | 3,7% |
[endre] På verdsveven
[endre] Litteratur
- Ottar Grepstad og Jostein Nerbøvik (red.) - Venstres Hundre År (Gyldendal, 1984)
Ynskjer du å bidra til Wikipedia på nynorsk ved å utvide den her artikkelen kan du besøkje Wikiprosjektet Norske politiske parti, eit prosjekt som tek sikte på å dokumentere dei norske politiske partia.