Lasse Myrvold
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lasse Mustafa Myrvold, best kjend som Lasse Myrvold, (10. juli 1953–3. september 2006) var ein norsk musikar. Han var oppvaksen i Stavanger, men er kjend som ein del av musikkmiljøet i Bergen, og spelte i band som The Aller Værste!, The Beste og Kong Klang. Han stod óg bak prosjekt som Stilleben, The Willkoks Talk og Göbbels a Go Go og filmmusikken til Velkommen Hjem frå 2002. Han var bror til kunstnaren og klededesignaren Pia Myrvold.
Etter at det var vorte kjend at prostatakreften han var råka av ikkje lot seg lækje vart det sett i gong arbeid med å lage ei hyllestplate som fekk namnet Dans til musikken. På plata medverkar ei rekkje norske musikarar og band med sine versjonar av Myrvold-musikk. Plata inneheld også det nylaga sporet Du og jeg i samme båt framførd av Myrvold som Kong Klang.
[endre] Diskografi
The Aller Værste! | ||||
---|---|---|---|---|
1980 | Blålys/På vei hjem | singel | Den Gode Hensikt | |
1980 | TAV! | EP | Den Gode Hensikt | |
1980 | Materialtretthet | LP | Den Gode Hensikt | |
1981 | Disniland i de tusen hjem | LP | Den Gode Hensikt | |
1981 | Hakk/Bare feiginger | singel | Den Gode Hensikt | |
Stilleben | ||||
1982 | Stilleben | EP | Apollon Records | |
Lasse Myrvold og Kristian Stangebye | ||||
1983 | The Willkoks Talk | LP | ||
1983 | Göbbels A Go Go | LP | ||
The Beste | ||||
1985 | En sang for åtte kroner... | LP | ||
1987 | Blått | LP | ||
Kong Klang | ||||
1999 | Kong Klang | CD | Den Gode Hensikt | |
2002 | Kong Klang og Terje Dragseth | CD |
[endre] Andre nettstader
- Gest framfører «Dans til musikken», streama musikkvideo.
- The Aller Siste Intervju med Myrvold, av Tore Renberg
- Intervju med Lasse Myrvold i Bergensavisen 2. september 2006
[endre] Bakgrunnstoff
- Bergens Tidende melder at Lasse Myrvold er død
- Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rockleksikon. Vega Forlag, Oslo 2005. ISBN 978-82-92489-09-3