Leif Andreas Larsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Andreas Larsen vart fødd i Bergen den 9. januar 1906. Han døydde den 12. oktober 1990 i Bergen. Leif Larsen er mest kjend under namnet Shetlands-Larsen. Han er den mest kjende av Shetlandsgjengen, eller dei som tenestegjorde i marineavdelinga Shetlandsbussen under den andre verdskrigen. Larsen hadde gode eigenskapar som leiar, og vart vald til skippar av dei som seilte saman med han. Larsen ville ikkje leggja så mykje vekt på sin eigen innsats, og ville heller framheva dei folka han hadde med seg. Han melde seg friviljug til den finske vinterkrigen og under felttoget i Noreg kjempa han på Kongsvinger festning.
Larsen steig i gradene frå utskriven kvartermeister i 1941, til fenrik i 1943, løytnant i 1945 og kapteinløytnant i 1953.
52 gongar kryssa han Nordsjøen under krigen, mange gonger i vanlege norske fiskeskøyter.
Shetlandsgjengen hadde base på Shetlandsøyane.
Shetlands-Larsen var den høgast dekorerte allierte sjøoffiseren. Mellom anna fekk han desse utmerkingane:
- Krigskorset med to sverd og stjerne
- St. Olavsmedaljen med eikegrein
- Krigsmedaljen med tre stjerner
- Deltakarmedaljen
- Conspicuous Gallantry Medal, Britisk utmerking som vert tildelt offiserar i handelsflåten og marinen. Larsen fekk utmerkinga som fyrste utlending
- Distinguished Service Medal and Bar, Britisk utmerking som vert tildelt menige i handelsflåten og marinen
- Distinguished Service Cross, Britisk utmerking som vert tildelt befal i marinen
- Distinguished Service Order, Britisk utmerking tildelt offiserar.
- Den finske deltakarmedaljen, for deltaking i den fyrste finske vinterkrigen