Lilija Jefremova
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilija Jefremova, ukrainsk Лілія Єфремова (fødd 15. april 1977 i Tsjeboksary i Tsjuvasjia i Russland) er ein ukrainsk skiskyttar.
Fram til 2002 budde Jefremova i Russland. I 2002 flytta ho til Kviterussland og året etter til Ukraina.
Jefremova vann sin første medalje i eit verdscuprenn i Brezno-Osrblie i 2005/06-sesongen. I OL i Torino i 2006 fekk ho overraskande bronsemedalje på sprinten.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- Beste plassering: 34. plass (2002/03)
- Verdsmeisterskap:
- Beste plassering: 27. plass (15 km, 2001)
- Olympiske leikar:
- 1 bronse (sprinten, 2006)
- Verdscuprenn:
- 2 bronse