Lunde i Telemark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lunde er ei bygd i Nome kommune i Telemark fylke. Lunde var eigen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964. Dei ca. 3000 lundeheringane lever ikkje så mykje av landbruk lenger, men meir av småindustri, offentleg tenesteyting og pendling. Sørlandsbanen kryssar Telemarkskanalen i denne dovne vesle austtelemarksbygda. Saman med Bø og Sauherad har Lunde gjennom Nome kommune vore ein del av Midt-Telemarkrådet sidan 2002. I Lunde blei også Trollbilen produsert i si tid.