Manat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For den aserbajdsjanske mynteininga manat, sjå aserbajdsjansk manat.
Manatar (familie Trichechidæ, slekt Trichechus) er store havpattedyr. Dei vert ofte òg kalla sjøkyr, men dette er eit generelt namn som òg omfattar dugongfamilien. Manatane skiljar seg frå dugongane ved at hovudet er meir avrunda og ved at halen er forma som ei stor padleåre, medan dugonghalen delar seg i to.
Manatane er planteetarar, og bruker det meste av tida si til å beita. Dei held til i grunne, sumpaktige kystområde i varme strok rundt Atlanterhavet, i både fersk- og saltvatn.
Det finst tre typar manatar:
- Senegalmanat (Trichechus senegalensis) som held til langs vestkysten av Afrika, frå Senegal til Angola
- Amasonsmanat (Trichechus inunguis) som lever langs austkysten av Sør-Amerika
- Amerikamanat (Trichechus manatus), som ein finn rundt dei vestindiske øyane i Det karibiske havet. Floridamanaten vert gjerne rekna som ein underart av amerikamanaten, sjølv om nokre biologar hevdar at han er ein eigen art.
Ein manat kan bli opptil 4,5 meter lang. Ein drepte tidlegare manatar for å bruka olja og kjøtet deira, men dyra er no rettsleg verna.
[endre] Amerikamanaten
Sjølv om han ikkje har naturlege fiendar er amerikamanaten er ein truga art på grunn av menneskeleg aktivitet. Utbyggjing har minska leveområda deira i sumpområda langs kysten, påhengsmotorar kan gje dei store skadar, og mange manatar får i seg delar av fiskeutstyr når dei et. Det verkar som om fiskekrokar og søkker ikkje skadar manatane, men fiskeliner kan blokkera meltingssystemet og føra til ein sakte død for dyret.
Manatane samlar seg gjerne nær kraftverk som varmar vatnet rundt seg. På grunn av denne unaturlege varmekjelda har dei slutta å migrera om vinteren slik dei gjorde tidlegare. Fleire kraftverk er i ferd med å verta stengde, og den amerikanske staten ved U.S. Fish and Wildlife Service prøver nå å finna andre måtar å varma vatnet på for manatane.
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene. |