Mapuche
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mapuche (mapudungun: folket på jorda) òg kalla araukanfolket og araukanindianarar er ei folkegruppe som hadde kontroll over eit territorium i sentrale og sørlege del av Chile og sørlege Argentina. Etterkommarar frå denne gruppa lever framleis i området. Dei er kjent som folket som stod i mot ekspansjonen frå inkariket mot sør, og som seinare heldt stand mot spanske og chilenske styrkar fram mot det endelege avgjerande nederlaget for general Julio Roca i 1879–1880. Dei er medlem av Unrepresented Nations and Peoples Organisation, UNPO.