Maud Angelica Behn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maud Angelica Behn (fødd 29. april 2003) er dotter av Ari Behn (fødd Ari Bjørshol) og prinsesse Märtha Louise av Noreg. Ho er syster av Leah Isadora Behn, fødd den 8. april 2005.
Maud Angelica Behn har arverett til den norske trona, og kjem etter mor si i arverekkjefylgja, som nummer fire til trona.
Ho vart døypt den 2. juli 2003 i Slottskapellet, på dagen 100 år etter at oldefar sin kong Olav V vart fødd. Ho vart boren til dåpen av morfar sin, kong Harald V. Dei andre faddarane var kronprins Haakon, prinsesse Alexandra zu Sayn-Wittgenstein-Berleburg, Marianne Ulrichsen, Kåre Conradi, Anja Sabrina Bjørshol og Trond Giske.
Maud Angelica Behn budde det fyrste leveåret sitt i Lommedalen i Bærum. Hausten 2004 flytta familien til New York i Sambandsstatane.
Slik som mora stammar Maud Angelica direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over engelske tronfylgjarar.
[endre] Sjå òg
Føregjengar: Prinsesse Märtha Louise |
Liste over den norske tronfylgja (–)
|
Etterfylgjar: Leah Isadora Behn |