Prinsesse Märtha Louise
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsesse Märtha Louise vart fødd 22. september 1971. Märtha Louise vart oppkalla etter farmor si, Kronprinsesse Märtha av Noreg.
Märtha Louise vart den 24. mai 2002 gift med forfattaren Ari Behn. Dei fekk 29. april 2003 dottera Maud Angelica Behn. Den andre dottera, Leah Isadora Behn, vart fødd 8. april 2005.
Prinsesse Märtha Louise er søster til kronprins Haakon, og dotter av kong Harald V og dronning Sonja.
I 1990 vart den norske grunnlova endra. Kvinner fekk arverett til trona. Den eldste prinsessa eller prinsen går føre i arverekkja. Endringa vart ikkje gjort med attendeverkande kraft, slik at Märtha Louise kjem bak den yngre bror sin i arverekkja.
Slik som faren stammar Märtha Louise direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over dei som har arverett til den britiske trona.
[endre] Sjå òg
Føregjengar: Prins Sverre Magnus |
Liste over den norske tronfylgja (–)
|
Etterfylgjar: Maud Angelica Behn |