Max Manus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Manus (fødd 9. desember 1914 i Bergen, død 20. september 1996) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrig. Han var mellom anna løytnant i Kompani Linge. Manus flykta til England då Tyskland okkuperte Noreg våren 1940. Han fekk trening og kom attande til Noreg som sabotør. Han vart vidgjeten som ein av dei beste sabotørane under den andre verdskrigen. Etter krigen starta han kontorfirmaet Max Manus AS. Han skreiv fleire bøker med grunnlag i opplevingane sine.
Manus levde i Spania siste delen av livet. Han døydde i 1996.
Sjå òg: Norsk motstandrørsle under den andre verdskrigen
[endre] Dekorasjonar og utmerkingar
- Krigskorset med 2 sverd
- Military Cross with bar
(m.m.)