Medaljen for Edel Dåd i gull
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medaljen for Edel Dåd vart stifta ved kongeleg resolusjon 19. august 1885. Denne blir delt ut for heiderlege handlingar i samband med redding av liv eller likeverdig handling. Han er delt i gradane gull og sølv. I gull blir han delt ut for usedvanleg framragande reddingsdåd der redninga har vore til fare for livet til den som utførte reddinga. Begge medaljane er utstyrte med krone. På adversen er Kong Harald V sitt portrett med omskrifta «Harald den 5, Norges Konge». På reversen er det ein eikekrans som slyngar seg om orda «For edel dåd». Medaljen skal berast i band med dei norske nasjonalfargane. Sjå óg Medaljen for Edel Dåd i sølv.