Medaljen for Edel Dåd i sølv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medaljen for Edel Dåd vart stifta ved kongeleg resolusjon 19. august 1885. Denne blir delt ut for heiderlege handlingar i samband med redding av liv eller likeverdig handling. Han er delt i gradane gull og sølv. Begge medaljane er utstyrt med krone. På adversen er Kong Harald V sitt portrett med omskrifta «Harald den 5, Norges Konge». På reversen er det ein eikekrans som slyngar seg om orda «For edel dåd». Medaljen skal berast i band med dei norske nasjonalfargane. Sjå óg Medaljen for Edel Dåd i gull.