Murmansk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Murmansk (russisk: Мурманск) er ein by på Kolahalvøya nordvest i Russland, ikkje langt frå grensa til Noreg. Murmansk hadde i 2004 370 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad for oblastet Murmansk oblast. Byen er spesielt viktig på grunn av si isfrie hamn. Hamna er viktig for Russland sin handel med utlandet. Den russiske marinen opprettheld ein større marinebase for nordflåten med atomubåtar i nabobyen Severomorsk.
Murmansk vart grunnlagd den 21. september 1916, då jarnbanen til Kola vart bygd. Byen vart oppkalla etter fyrstehuset Romanov, og fekk namnet Romanov-na-Murman. Romanov var det russiske tsar- dynastiet. Byen vart omdøypt til Murmansk etter oktoberrevolusjonen i 1917. Murmansk skal vere ei russifisering av nordmann, etter at kysten vart kalla nordmannkysten før området vart russisk.
Frå 1918 til 1920 var byen okkupert av mellom anna vestmaktene som hadde vore allierte under fyrste verdskrigen.
Under andre verdskrig var Murmansk sentral i den krigsorganisasjonen til Sovjetunionen, då byen var hovudhamn for forsyningar frå Storbritannia og USA. Store delar av byen vart øydelagd under krigen.
Murmansk ligg ut mot Barentshavet. Barentshavet er eit hav med rike ressursar særleg innan fiskeri. På 2000-talet er det lansert store planar for utbygging av naturgassfelt i området.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |