Nærbø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Nærbø er ein tettstad i Hå kommune på Jæren, og eit namn som vert nytta som etternamn. Jarnbanen Jærbanen har stasjon på Nærbø. Politikken i Hå kommune er særkjenna av ulike bygdelister, for å ta vare på bygdene sine interesser etter kommunesamanslåinga i 1964. Nærbølista har frå 2003 ordføraren i Hå kommune.
I fylgje Statistisk Sentralbyrå budde det 4887 menneske på Nærbø den 1. januar 2004.
Jærmuseet ligg ved Nærbø, og legg vekt på historia til jordbruket på Jæren. På Nærbø er det mykje verksemd og industri knytt til jordbruket.
[endre] Nærbø kommune 1894-1964
Nærbø er namn på ein tidlegare norsk kommune i Rogaland fylke. Frå 1837 var Nærbø del av Hå formannskapsdistrikt. Hå vart i 1894 delt i Nærbø og Varhaug kommunar. Nærbø hadde då kommunen vart etablert som sjølvstendig kommune 1 806 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart Nærbø kommune slegen saman med Ogna og Varhaug kommunar til den nye Hå kommune. Nærbø hadde ved samanslåinga 3 926 innbyggjarar.