NMR
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NMR er forkorting for nuclear magnetic resonance.Kjernemagnetisk resonans på norsk.
I kjemien er NMR-spektroskopi ein mykje brukt metode for å måla eigenskapar til molekyl.
[endre] Verkemåte
Som i andre spektroskopiske metodar vert stoff påverka av elektromagnetiske bølgjer. I NMR er det atomkjernar som vert påverka av radiobølgjer. Atomkjernane må i tillegg vera utsette for eit sterkt magnetfelt. Slik kan ein studera kjernespinn.
Mange atomkjernar har spinn. Både elektron, nøytron og proton har spinn på &;1/2. Ein atomkjerne med upara nukleon vil derfor ha spinn. Desse vil vera magnetiske og vil, dersom dei vert plassert i eit sterkt magnetfelt, orientera seg med eller mot dette. Visse frekvensar av elektromagnetisk stråling vil få spinn til å skifta retning. Energi vert absorbert.
Når to atom av same grunnstoff er i ulike kjemiske miljø, vil dei oppleva litt ulikt magnetfelt. Dette fører til at dei gjev ulike signal. Slik kan ein til dømes skilja hydrogenatom i eit alkan og hydrogenatom i ei aromatisk gruppe. Dette gjev kjemisk skift.
[endre] Bruk
Det same prinsippet vert brukt i medisinen, men som MR eller MRI (magnetic resonance imaging).
Innan kjemien vert NMR mellom anna brukt for å finna struktur og samansetning av eit molekyl. For å få gode spekter er eit sterkt og stabilt magnetfelt nødvendig. Systemet vert som regel kjølt med flytande helium.