Nord-Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norske landsdelar
|
Nord-Noreg er ein langstrekt landsdel nord i Noreg. Han dekker fylka Finnmark, Troms og Nordland. Svalbard og Jan Mayen kan òg reknast med til Nord-Noreg. Landsdelen har ei lang kystline, men òg ei vidstrekt vidde i i Finnmark. Fiske og skipsfart har alltid vore viktige i landsdelen, medan mange samar har livnært seg med reindrift.
[endre] Innbyggjarar
Flatevidda av landsdelen er 175 246 km2, noko som nesten er halvparten (45,5%) av heile Noreg. Likevel bur berre rundt ein av ti nordmenn (10,1%), 465 628, her. Nord-Noreg er dermed prega av lange avstandar og svært spreidd busetjing. Folktettnaden her er bare 2,66/km2, mot landsgjennomsnittet på 14/km2. Etter den andre verdskrigen har sentraliseringa vore sterk, og i den siste halvdelen av nittehundretalet vaks det opp fleire nye bysamfunn, som Finnsnes, Alta og Kirkenes.
[endre] Turistattraksjon
Fleire av dei framste turistmåla i Noreg kan finnast i landsdelen, til dømes Lofoten, midnattsola, polarsirkelen, Polarmuseet i Tromsø, Nordkapp-platået, helleristingane i Alta, verdas påståtte nordlegaste by Hammerfest, og den særeigne tettstaden Longyearbyen aller lengst i nord.
[endre] Hurtigruta
Hurtigruta var lenge hovudframkomstmiddelete i landsdelen, noko som syner igjen ved at fire hurtigruteskip er blitt kalla opp etter han, som MS (tidlegere DS) Nordnorge. For dei nordnorske innbyggjarane er særleg flytransport blitt eit alternativ til båtreisa, men Hurtigruta er fortsatt viktig for folk som reiser rundt i landsdelen.