Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hammerfest (samisk Hámmárfeastta gielda) er ein bykommune i Finnmark fylke. Kommunen ligg på øyene Kvaløya, Seiland og Sørøya, og grensar til Kvalsund i øst, Alta i sør og til Hasvik i vest. Byen Hammerfest ligg på Kvaløya og er forbunde med bru til fastlandet. Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar, på 70°40' nordleg breidde. Andre tettstadar i kommunen er mellom anna Rypefjord, Akkarfjord, Hønseby, Hellefjord, Kårhamn, Skarvfjordhamn og Sandøybotn.
Sjølv om han ligg langt nord for polarsirkelen, har byen ei isfri hamn. Hammerfest har tradisjonelt vore eit senter for fiskeri, handel, kommunikasjonar og offentlege tenester i Vest-Finnmark. I dag er byen også sterkt prega av utbygginga av Snøhvitfeltet, sidan gassen frå feltet skal førast i land og skipast ut i ein LNG-terminal på Melkøya utanfor byen. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struves meridianboge.
[endre] Historie
- 1684
- Hammerfest får kyrkje og prest. Folketallet ligg rundt 60 personar.
- 1764
- Innbyggjarane i byen mistar handelsretten sin etter befaling av kong Frederik V av Danmark. Dette fører til at Russland byrjar å sende skip med korn til Hammerfest, den såkalla Pomorhandelen.
- 17. juli 1789
- Hammerfest får bystatus.
- 1809
- Byen blir plyndra av to engelske fregattar under Napoleonskrigen. Etter dette blir det bygd ein skanse på Fuglenes.
- 1856
- Byen blir øydelagd av ein særs kraftig orkan. Ei internasjonal innsamling skaffar pengar til å byggje byen opp att.
- 1859
- Det første fyret i Finnmark blir bygd på Fuglenes. Byen får den første reguleringsplanen sin.
- 1868
- Det første vassverket i byen blir bygd.
- 1870
- Ein telegrafstasjon som blir brukt av heile Finnmark blir bygd.
- 1890
- Ein bybrann legg 2/3 av byen i aske. Under gjenoppbyggjinga får byen eit kommunalt elektrisitetsverk og blir den første byen i Europa som får elektrisk gatelys.
- 1944
- Innbyggjarane blir tvangsevakuert av den tyske okkupasjonsmakta, og byen blir systematisk brent og øydelagt. Kun det vesle gravkapellet fra 1939 blir ståande att.
- 1950-talet
- Byen blir bygd opp att etter ein heilt ny reguleringsplan. Fiskeribedriften Findus er blant Europas mest moderne, med nymotens fryseteknikk som tillet eksport av fisk i stor skala.
- 1980
- Barentshavet blir opna for leiteboring etter olje og gass. Hammerfest blir base for supplyskip og helikopter.
- 1992
Hammerfest.
(
Bilete teke i juni 2005.)
- Hammerfest blir slått saman med nabokommunen Sørøysund.
- 2002
- Statoil startar bygginga av ein LNG-terminal på Melkøya for å ta i mot gass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet.
[endre] Tettstader i kommunen
Hammerfest er namnet på ein romstasjon i romanen A Deepness In the Sky av Vernor Vinge.
[endre] Bakgrunnsstoff