Nordisk Råd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordisk Råd er eit samarbeidsorgan for dei nordiske landa som blei danna i 1952. Dei som sit i rådet er folkerepresentantar frå parlamenta i dei ulike landa. Noreg, Sverige, Danmark og Finland har 20 medlem kvar, dei danske sjølvstyrde områda Færøyane og Grønland har 2 representanter kvar, og Island har 7. Nordisk råd har allmøte ein gong kvart år, om hausten. Sekretariatet sit til vanleg i København. I tillegg til allmennmøtet har parlamentarikarane temamøter.
Nordisk Råd deler kvart år ut ein litteraturpris.
I 1971 blei Nordisk Ministerråd danna. Dette er eit samarbeidsorgan for regjeringane i dei nordiske landene.