Norman Mailer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norman Kingsley Mailer (fødd 31. januar 1923 i Long Branch, New Jersey) er ein amerikansk forfattar.
Han vaks opp i bydelen Brooklyn i New York. Fram til han vart innkalla til militærteneste studerte han byggjeteknikk ved Harvard-universitetet.
Erfaringane han gjorde som soldat ved stillehavsfronten i den andre verdskrigen tok han føre seg i den første romanen sin, The Naked and the Dead. I seinare verk er vilje til å nytte vald og seksuelle nevrosar sentrale tema. Mailer høyrte til den amerikanske politiske venstresida, og vart med tida ein skarp kritikar av det amerikanske samfunnet. For reportasja om den amerikanske protestrørsla mot Vietnamkrigen; Armies of the Night fekk han i 1969 Pultizer-prisen. I 1980 fekk han igjen prisen for The Executioner's Song, ein "sak-roman" om avrettinga av ein mordar.
Mailer gav i 1973 ut ein biografi om Marilyn Monroe. Biografien var i utgangspunktet planlagd som eit essay, men utvikla seg til ein slags romanbiografi samansett av dels fakta dels fiksjon. Seinare gav han ut biografiar om Pablo Picasso og Lee Harvey Oswald.
Utover dette har Mailer vore kanditat til stillinga som borgarmeister i New York i 1969, og til tider leiar for den amerikanske delen av skribentsambandet Pen-Club på 1980-talet. Han har og regissert fire filmar.
Norman Mailer har vore gift seks gongar, og har ni born. Han lev i dag saman med den tidlegare fotomodellen Norris Church i Provincetown i Cape Cod.
Innhaldsliste |
[endre] Verk (utval)
[endre] Romanar
- 1948 - The Naked And The Dead
- 1951 - Barbary Shore
- 1955 - The Deer Park
- 1957 - The White Negro
- 1965 - An American Dream
- 1967 - Why Are We In Vietnam?
- 1968 - Armies Of The Night
- 1971 - Maidstone
- 1974 - Watching My Name Go By
- 1976 - Genius And Lust
- 1980 - Of A Small And Modest Malignancy
- 1980 - Of Women And Their Elegance
- 1981 - Black Messiah
- 1982 - After The White Negro
- 1983 - Ancient Evenings
- 1984 - Tough Guys Don't Dance
- 1991 - Harlot's Ghost
- 1995 - Oswald's Tale
- 1997 - The Gospel According To The Son
[endre] Biografiar
- 1973 - Marilyn: Biography Of Marilyn Monroe
- 1994 - Marilyn: The Classic Films
- 1994 - Portrait Of Picasso As a Young Man
- 1995 - Oswald's Tale
[endre] Ymse
- 1967 - Why Are We In Vietnam?
- 1971 - The Prisoner Of Sex
- 1971 - Of A Fire On The Moon
- 1979 - The Executioner's Song
- 1985 - Huckleberry Finn: Alive at 100
- 2003 - Why Are We At War?
[endre] Filmar
Regi og manus
- 1968 - Wild 90
- 1968 - Beyond the Law
- 1970 - Maidstone
- 1987 - Tough Guys Don't Dance