Aserbajdsjan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Aserbajdsjansk | ||||
Hovudstad | Baku | ||||
Styresett |
Republikk İlham Əliyev Artur Rasizadə |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
86 600 km² (114.) Ubetydeleg |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
7 911 974 (91.) — 91/km² (81.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Sovjetunionen 30. august, 1991 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
37,841 mrd. USD (88.) 4 500 USD (108.) |
||||
Valuta | Manat | ||||
Tidssone | UTC +4 | ||||
Nasjonalsong | Republikken Aserbajdsjan sin nasjonalsong | ||||
Nasjonaldag | 28. mai | ||||
Internasjonal telefonkode | +994 | ||||
Nasjonale toppdomene | .az | ||||
Aserbajdsjan er ein republikk i den søraustlege delen av Kaukasia. Mesteparten av landet ligg i Asia, men ein liten del ligg på europeisk side nord for Kaukasus. Aserbajdsjan grensar til Armenia, Georgia, Iran, Russland, Tyrkia og Kaspihavet.
[endre] Geografi
- For fleire detaljar om dette emnet, sjå Aserbajdsjansk geografi.
Aserbajdsjan ligg i sørvestlege område av Asia med Kaspihavet i aust, Iran i sør, Russland og Georgia i nord, og Armenia i vest. Tre geografiske trekk dominerar Aserbajdsjan: Kaspihavet, der kystlinja dannar den naturlege grensa mot aust, Store Kaukausus i nord, og eit utstrekt lågland i sentrale område.
Aserbajdsjan har eit totalt landareal på om lag 86 000 kvadratkilometer, mindre enn 1 % av arealet til tidlegare Sovjetunionen, som landet var ein del av. Av dei tre transkaukasiske statane har Aserbajdsjan det største landarealet. Aserbajdsjan har to autonome republikkar, Nakhitsjevan som ligg sørvest for Armenia og Nagorno-Karabakh, som ligg innafor Aserbajdsjan. Ein liten del av Nakitsjevan har òg grense til Tyrkia i nordvest. Hovudstaden i Aserbajdsjan er den eldgamle byen Baku, som har den største og beste hamna i Kaspihavet, og som lenge har vore senteret for republikken sin oljeindustri.
[endre] Klima
Klimaet i landet er nesten tropisk om sommaren i låglandet, medan vintrane er milde. Ein kan derimot få perioder med kulde får nord. Fjellområda mot vest er derimot kalde og snørike.
Aust-Europa |
Albania | Armenia | Aserbajdsjan | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Estland | |
Sentral-Asia |
Aserbajdsjan | Kasakhstan | Kirgisistan | Mongolia| Turkmenistan |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |