Norsk Bergverksmuseum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk Bergverksmuseum er nasjonalmuseum i Noreg for bergverksdrift. Museet ligg i Kongsberg sentrum , og har hovudkontor i Kongsberg Sølvverk si gamle smeltehytte frå 1844. Museet formidlar gjennom forskjellige utstillingar den 330 år gamle historia til gruvedrifta ved bergstaden Kongsberg.
Innhaldsliste |
[endre] Avdelingar
Til Museet høyrer òg andre avdelingar. Både Den Kongelige Mynt sitt museum, Kongsberg industrimuseum (Kongsberg Våpenfabrikk sitt museum), og Kongsberg skimuseum held til i dei same lokala. I tillegg høyrer òg Sølvgruvene i Saggrenda, Sakkerhusa og Gruvelandskapet på Knutefjell til. Museet tilbyr òg spesielle gruvevandringar og byvandringar.
[endre] Den Kongelige Mynts museum
Den Kongelige Mynt er ei av dei aller eldste bedriftene i Noreg som framleis er i drift. «Mynta» vart grunnlagd av Christian V i 1686 og var ein viktig og naturleg del av Kongsberg Sølvverk fram til nedlegginga i 1958. Museet rommer eksemplar av stort sett alle myntar frå Christian IVs tid og heilt fram til våre dagar.
[endre] Kongsberg Skimuseum
Ein av dei store pådrivarane for skimuseet på Kongsberg har vore Birger Ruud. Museet viser ski- og skisportshistorie gjennom ulike tider og spesielt Kongsbergs stordomstid innanfor skiidrett frå midten av 1920-talet og fram til 1950-talet.
[endre] Kongsberg Våpenfabrikk sitt museum
Siste tilskot på museumsfronten i Kongsberg er Kongsberg Våpenfabrikk sitt museum. Museet er relativt lite, men svært rikhaldig og med ei rekkje forseggjorde utstillingar om utviklinga innanfor forsvarsindustrien, heilt fram til våre eigne dagar.
[endre] Sakkerhusa
Sakkerhusa er ei samling av bygningar som vart reiste for vekependlande gruvearbeidarar. Husa blir i dag stort sett bruka til ulike tilstellingar og som kafeteria for Sølvgruvene som ligg rett attmed. Nokre rom i somme av bygningane er sette i stand slik dei var då det framleis var drift her.
[endre] Sølvgruvene
Den kanskje viktigaste delen av museet er Sølvgruvene (Kongsberg Sølvverk) som ligg i Saggrenda, ca 8 km vest for Kongsberg. I sommarsesongen kan du ta eit minitog inn Christian VIIs stoll til Kongens Gruve, som var den største i Sølvverket. Det er ca 2 300 meter frå lyset og inn til endestasjonen for turistane. Då er du ca 560 meter under havoverflata. Eitt av høgdepunkta inne i gruva er demonstrasjon av eit gammaldags heissystem, kalla «fahrkunst», som tok dei gamle gruvearbeidarane hundrevis av meter lenger ned i mørkret.
Utanfor gruvene og ved Sakkerhusa får ein i sommarhalvåret ta del i andre aktivitetar, som for eksempel gammaldags fyrsetjing.
[endre] Lenkjer ut
- Norsk Bergverksmuseum sin nettstad
- om Norsk Bergverksmuseum på kulturnett.no
- om Sølvgruvene på kulturnett.no
[endre] Kjelder
- Bokmålswikipediaen [1]
- Norsk Bergverksmuseum sin nettstad
- Bjørn Ivar Berg: Gruveteknikk ved Kongsberg Sølvverk 1623-1914, Trondheim 1998.