Notre-Dame de Paris
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
::Notre Dame er i Frankrike òg den ålmenne nemninga på katedralar vigd til Vår Frue, d.v.s. jomfru Maria.
Notre-Dame de Paris, eller berre Notre-Dame er ein katedral i Paris bygd i tida 1163-1345. Katedralen ligg på øya Île de la Cité i elva Seinen. Katedralen har vorte klassifisert som eit verdshistorisk monument av dei sameinte nasjonane. Napoleon Bonaparte let seg krona til keisar av Frankrike i Notre-Dame den 2. desember 1804. Kyrkja er ein stor turistattraksjon, men òg hovudsetet for det romersk-katolske erkebispedømet Paris.
Planlegging av kykja vart sett i gong i 1159 av biskop de Sully. Den første steinen vart lagd i 1163 og markerte byrjinga på slit i to hundre år for mange arkitektar og handverkarar. Kyrkja er bygd som ein basilika i gotisk stil, med fem kyrkjeskip, tverrskip og kyrkjekor med utvendige kapell og gravmæle. I vest er det to 69 meter høge tårn og ei fasade rikt dekorert med skulpturar og relieff. Over Dommedagsportalen er eit av rosevindua, med glasmåleri frå 1200-talet. Kyrkja vart restaurert i 1845-64.
[endre] Sjå òg
- Ringaren i Notre Dame