Novgorod
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Nizjnij Novgorod
Velikij Novgorod (russisk: Великий Новгород, «Mektige Novgorod», der velikij tyder «mektig» og novgorod tyder «ny by», er ein by i Russland. Byen er av dei eldste og viktigaste byane i Russland. Byen vart av vikingane kalla for Holmgard (norrønt). Novgorod ligg langs den historiske ferdavegen mellom Moskva og St. Petersburg (180 km sør-aust for St. Petersburg), ved elva Volkhov. Elva renn ut frå innsjøen Ilmen. Byen er administrativt senter for Novgorod oblast og har 240 000 innbyggjarar. Klimaet er høvesvis tørt, med ein gjennomsnittleg temperatur om sommaren på +25°C og om vinteren på -10°C.
Dei historiske monumenta i Novgorod og området kring vart i 1992 tekne med på UNESCO si liste over verdsarv.
[endre] Lenkjer ut
- Novgorod sin offisielle nettstad
- Historiske fakta
- UNESCO si nettside om Verdsarv i Novgorod
- Turistinformasjon
- Universitetet i Novgorod (russisk)
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |