UNESCO
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
UNESCO (forkorting for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
UNESCO blei stifta 16. november 1945 og konstitusjonen hans blei satt i kraft 4. november 1946 etter ratifisering av følgjande tjue land: Brasil, Canada, Kina, Tsjekkoslovakia, Danmark, Den dominikanske republikken, Egypt, Frankrike, Hellas, India, Libanon, Mexico, Ny Zealand, Noreg, Saudi-Arabia, Sør-Afrika, Tyrkia, Storbritannia, Amerikas forente stater og Austerrike
[endre] Virkefelt
UNESCO virker innan felta utdanning, naturvitskap, sosial- og humanistiske vitskapar, kultur, kommunikasjon og informasjon. Organisasjonen arbeidar for fred blant anna gjennom samarbeid, kommunikasjon og utveksling av idear mellom sine 190 medlemsland.
- 190 land har etablert nasjonale kommisjonar som inneheld representantar frå undervisning, vitskap og kultursamfunn.
- omtrent 100 konsultative komitear, internasjonale kommisjonar og overnasjonale kontor har blitt oppretta for utføre spesielle oppgåver eller for refleksjonsformål.
- 6 000 UNESCO-klubbar, foreninger eller sentre sett fram organisasjonens ideal og handlar på grasrotnivå.
- 6 700 utvalde skolar hjelper unge menneske å forme holdningar av toleranse og internasjonal forståing.
- 330 ikkje-statlege organisasjonar opprettheld «offisielle» relasjonar med UNESCO. Mange andre samarbeidar på tilfeldig basis med ulike sektorar.
- ei gruppe på 40 kjendisar - «godwill»-ambassadørar - har akseptert å nytte sine talent og sin status for å hjelpe verda å fokusere på UNESCOs arbeid og misjon.
- Over 300 foretak og organisasjonar i forretningssamfunn, nye partnarar som er forbundi til måla av varig haldbar menneskeleg utvikling og sosialt ansvar, samarbeidar med UNESCO over hele verda.
[endre] Verdsarv
UNESCO-konvensjonen om vern av verdas kultur- og naturarv (1972) har som formål å sikre vern av kulturminnesmerke og naturområde som har stor betyding i verdsmålestokk. 788 slike verneobjekt er hittil peika ut (pr. juli 2004). I Noreg står Bryggen i Bergen (Tyskebryggen), Røros by, Urnes stavkyrkje, helleristingane i Alta og Vegaøyane i Nordland på lista over verdsarva.