Nyårsorkanen i 1992
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lågtrykket som trefte Noreg tidleg på morgonen den 1. januar 1992, ofte kalla Nyårsorkanen, er den sterkaste målte stormen på det norske fastlandet som nokon gong er registrert. Kysten frå Nordfjord til Helgeland vart hardast ramma, og det vart store skadar på bygningar og skogar. Meteorologisk Institutt har rekna at ein så kraftig orkan statistisk sett berre vil treffe Noreg kvart 200. år.
Den anslegne sterkaste vinden under orkanen var 45 m/s i gjennomsnitt over ti minutt. Sterkaste vindkast blir anslege til 65 m/s. Uvissa kjem delvis av at ein heil del måleinstrument braut saman på grunn av den store påkjenninga. På plattforma Statfjord-B i Nordsjøen vart det målt vind oppe i 75 m/s. Nyttårsorkanen ville på Saffir–Simpson-skalaen vore ein kategori-3-orkan.
Orkanen gjorde skade på mesta 34 000 private eigedommar og kosta forsikringsselskapa 1,3 millardar kroner. I tillegg utbetalte Statens naturskadefond 200 millionar kroner til for skadar på 6000 eigedommar som ikkje var brannforsikra. Eitt menneskeliv gjekk tapt.
Uvêret råka óg store delar av Nord-Skottland, og på Shetland vart det målt vindkast på over 65 m/s.