Området Baranja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baranja (tysk: Branau, engelsk: Baranya) er eit geografisk område mellom elvane Donau og Drava. Området er stort sett delt mellom Ungarn og Kroatia, men ei lita lomme på høgre sida av Donau høyrer til Serbia, men har vore under kroatisk kontroll sidan 1997. I Ungarn er området ein del av Baranja fylke, medan det i Kroatia er ein del av Osijek-Baranja fylke.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Namnet på området kjem av det slaviske ordet «bara», som tyder «sump». Sjølv i dag er store delar av området myraktig, slik som naturreservatet Kopački Rit i søraust. Ein annan teori meiner at namnet på området kjem frå det ungarske ordet «bárány», som tyder «lam».
[endre] Geografi
[endre] Ungarsk Baranja
Nokre viktige byar og landsbyar i den ungarske delen av Baranja (med folketal frå 2001):
- Pécs (158 942)
- Komló (27 462)
- Mohács (19 085)
- Szigetvár (11 492)
- Siklós (10 384)
- Szentlőrinc (7 265)
- Pécsvárad (4 104)
- Bóly (3 715)
- Sásd (3 570)
- Harkány (3 519)
- Sellye (3 248)
- Villány (2 793)
[endre] Kroatisk Baranja
Kommunar i den kroatiske delen av Baranja (med folketal frå 2001, men merk at folketalet er for busetnadane og ikkje kommunane):
- Beli Manastir (8 671)
- Bilje (5 480)
- Darda (5 394)
- Čeminac (2 856)
- Petlovac (2 743)
- Jagodnjak (2 537)
- Popovac (2 427)
- Draž (2 278)
- Kneževi Vinogradi (1 715)
Det meste av den kroatiske delen av Baranja er folkesett av etniske kroatar. Kommunen Jagodnjak har ein etnisk serbisk majoritet, medan kommunen Kneževi Vinogradi har ein ungarsk majoritet.
[endre] Sjå òg
- Baranja fylke
[endre] Kjelder
- WorldStatesmen - Ungarn
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Baranya (region) frå Engelsk Wikipedia.