One of These Days
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
One of These Days er ein instrumental av det britiske bandet Pink Floyd på albumet Meddle frå 1971. Den einaste vokallinja i songen er linja «One of these days, I'm going to cut you into little pieces» sagt av trommis Nick Mason. Vokalen er derimot sakka ned for å skape ein skummel effekt.
Songen opnar med ein lyd av vind som er skapt av tonegeneratorarar som spelte kvit støy gjennom ekkoeffektar. Sjølve musikken startar med doble basspor med David Gilmour og Roger Waters på kvar sin bass. Ein av bassgitarane høyres mykje meir sordin og dump ut, og i følgje Gilmour kjem dette av at det eine instrumentet hadde gamle strengar og at ein studioarbeidar vart sendt ut for å kjøpe nye strenger. Han forsvann derimot med kjærasten i staden for, og dei måtte spele inn med dei gamle strengane.[1]. Bassgitarane er spelt gjennom ein ekkoeffekt som lagar den distinkte basslyden i starten av songen, medan Richard Wright lagar korte og enkle «støt» på synthesizer og Nick Mason lagar lydar på cymbalane. Vokallinja til Nick Mason markerar midten på songen, og andre halvdel er ein slags boogierock med slidegitarsolo av Gilmour.
Gilmour har uttalt at han ser på denne songen som den mest samarbeidsprega songen som Pink Floyd nokon gong laga. Då songen vart spelt på Old Grey Whistle Test på BBC, hadde produsentane av programmet klipp av ei animert kvinne som dansa over forskjellige bakgrunnar.
Trugselen i vokallinja er retta mot (Sir) Jimmy Young som var programleiar på BBC Radio 2, som bandet mislikte fordi han hadde ein tendens til å snakke mykje tomprat. På konsertar tidleg på 1970-talet brukte bandet å spele av lydkilpp av Young sine radioprogram klippa i saman slik at der høyrtes heilt meiningslaust ut.[2]
[endre] Medverkar
- David Gilmour - Slidegitar, bassgitar
- Roger Waters - Bassgitar, rytmegitar
- Nick Mason - Trommer, perkusjon, vokal, lydteknikar og lydeffektar.
- Richard Wright - Synthesizer, orgel og lydeffektar.
[endre] Fakta
- Den ungarnske kunstløparen (på skøyter) Krisztina Czakó brukte «One of These Days» som musikk for langprogrammet i Vinter-OL 1992, ein av dei få gongane ein klassisk rockesong er brukt på dette nivået i ein konkurranse.
- Versjonen som er på Live at Pompeii vart kalla «One of these Days I'm Going to Cut You into Little Pieces», som er heile vokalteksten.
- Dette er ein av dei få gongane Nick Mason medverkar med vokal på ein song. Dei andre songane er «Corporal Clegg» frå A Saucerful of Secrets og ein samtale med flytårnet på «Learning to Fly» frå A Momentary Lapse of Reason.
- I soloen på slutten spelar Gilmour ein vanleg gitar i venstre kanal i duell med seg sjølv, der han spelar slidegitar i høgre kanal.
- I mellomspelet som kjem om lag 2:55 minutt ut i songen kan ein høyre tonar som liknar mykje på temamusikken til den populære science fiction serien Doctor Who. Dette er særleg tydleg på konsertversjonane frå Delicate Sound of Thunder og P*U*L*S*E-turnéen.
- Songen var fast innslag på konsertane i 1971-1973, og vart mykje spelt på konsertane etter 1987.
- «One of These Days» er brukt i ein episode av Carl Sagan sin TV-dokumentar Cosmos: A Personal Voyage.
- «One of These Days» vart spelt over rulleteksten til Sopranos-episoden «The Fleshy Part of the Thigh».
[endre] Kjelder
- ↑ Guitar World intervju med David Gilmour februar 1993
- ↑ 'One of These Days'-seksjon Echoes FAQ, Ver. 4.0