Orgel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orgel er ei samnemning for ymse musikkinstrument.
I eit pipeorgel er ljodkjelda piper av tre eller metall. Pipeorgelet vert stundom kalla kyrkjeorgel, av di ein oftast finn det i kyrkjer, men det vert òg nytta i enkelte synagoger og i verdslege bygg (til dømes konserthus, kinoar og pizzastover).
Eit trøorgel (og kalla harmonium) har ikkje piper, men frie tunger som i eit trekkspel. Trøorgelet var særs vanleg i bedehusa og i skulane før pianoet overtok på 1960-talet.
Hammond-orgelet vart opphavleg utvikla som ei erstatning for pipeorgelet, men er i dag mest nytta i populærmusikken.
Den sovjetiske rakettutskytingsbilen Katyusha var under den andre verdskrigen kjend som stalinorgel av dei tyske soldatane.