Paleogen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paleogen er ein geologisk periode på den geologiske tidsskalaen som saman med det etterfylgjande neogen utgjer kenozoikum (Jordas nytid). Paleogen byrja for 66 millionar år sidan og slutta for 23 millionar år sidan. Perioden vart definert av Carl Friedrich Naumann i 1866. Tidlegare vart jorda si nytid delt i tertiær og kvartær, men denne inndelinga er frå 2004 endra. (Paleogen omfattar berre den eldste delen av tertiærperioden.)
Innhaldsliste |
[endre] Epokar
Dei geologiske epokane som paleogen vert delt i, er paleocen, eocen og oligocen. Skilja går ved høvesvis 56 og 34 millionar år før notida.
[endre] Tektonikk
Sørkontinentet Gondwanaland vart delt i Antarktis, Australia og Sør-Amerika. I nordkontinentet Laurasia skilte Grønland og Europa lag. Tethys-havet vart heilt lukka. I løpet av dei såkalla laramidske og alpine fjellkjedefoldingane vart Alpane, Andesfjella, Atlasfjella, Himalaya og Rocky Mountains danna.
[endre] Bergartar
Sedimentære bergartar er vanlege frå paleogen.
[endre] Klima
Klimaet var i første delen av Paleogen relativt varmt. For omkring 40 mill. år sidan kom ei tydeleg klimaforverring, der gjennomsnittstemperaturen gjekk ned med kanskje 10° i løpet av få millionar år. Det er truleg at dei store isdekka i Antarktis vart danna på denne tida, mens den nordlege halvkula heldt fram med å vera isfri gjennom heile perioden.
[endre] Planteliv
Skogane på land var dominerte av furuer, sypresser og lauvtre.
[endre] Dyreliv
Fuglane og pattedyra sine radiasjonar sette inn.
|