Palestina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palestina er eit område og eit historisk landskap i Midtausten, i det området som i nyare tid har vorte statane Israel og Jordan. Namnet Palestina var i tida kring byrjinga av den vestlege tidsrekninga eit namn på området kring Gaza, der filistrane budde. I år 135 e.Kr. vart Syria Palæstina namn på ein romersk provins. Palestina var eit britisk mandatområde frå 1920 til 1948. I 1922 vart den delen av Palestina som låg aust for Jordanelva avdelt som kongedømet Transjordania (det noverande Jordan). Området har kyst mot Middelhavet, og grensar mot Egypt, Libanon, Syria og Jordan. Viktige elver og vassdrag er Jordanelva, Tiberiasjøen og Dødehavet. Området Palestina utgjer er eit heilag land for jødedomen, islam og kristendomen. Området står òg sentralt i religionar som bahá’í.
[endre] Moderne statsdanningar i Palestina
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |