Jordanelva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jordanelva, eller berre Jordan, er ei elv i Midtausten. Elva har utspring i Hermonfjella, og renn gjennom den jordanske Riftdalen via Genesaretsjøen i Galilea i Israel. Ho renn sørover til ho stoggar i Dødehavet, som ingen elver renn ut frå.
Elva utgjer grensa mellom Jordan i aust og Palestina og Vestbreidden i vest. Vestbreidden av Jordanelva vart okkupert av Israel etter seksdagarskrigen i 1967.
Jordanelva er den viktigaste ferskvasskjelda i området. Det er strid om kva land og folkegrupper som får nytta seg av ferskvatnet i elva. Statane Israel, Libanon, Syria, Jordan og i tillegg dei palestinske sjølvstyresmaktene har alle interesse av å nytta vatnet i vassdraget.
[endre] Ei bibelsk elv
Elva blir omtalt spreidde stader i Bibelen, mellom anna som kjelden til «Guds hage», ei stor, fruktbar slette. Ho er òg omtala som grenseelva mellom «to stammar og den halve stammen» i aust og «ni stammar og halve Manassestammen» som leia av Josva busette seg på Vestbreidden.
Jesus skal ha vorte døypt i elva då han var kring 30 år.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |