Palestinarar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palestinarar er i moderne språkbruk oftast bruka som nemning på hovudsakleg muslimske og i mindre grad kristne, arabiskspråklege grupper med bakgrunn frå det sørvestlege Levanten — hovudsakleg Israel, Vestbredda, vestlege delar av Jordan, Gazastripa og tilgrensande område i Egypt. Inntil tida etter Andre verdskrigen inkluderte omgrepet òg jødar — både sefardiske og mizrahiske jødar, med dokumentert lokal busetnadshistorie i over eit halvt tusen år, og askenasiske jødar, som hovudsakleg kom flyttande til området frå 1800-talet av. Desse gruppene inngår òg i PLO sin definisjon av palestinarar, med atterhald om at dei lyt ha budd i området "før den sionistiske koloniseringa tok til" (jamfør PLO-charteret) eller vera direkte etterkommarar på farssida etter folk som budde i området "før den sionistiske koloniseringa". I PLO sitt program for ein demokratisk og sekulær stat vert dette vegskiljet sett ved Balfour-deklarasjonen i 1917. I varierande grad har omgrepet òg vore bruka om samaritanarar, druzarar og mange andre etniske og/eller religiøst definerte grupper.
PLO-charteret frå juli 1968 definerar palestinarane slik:
Artikkel 5. Palestinarane er arabiske borgarar som normalt oppheldt seg i Palestina fram til 1947. Dette inkluderar både dei som vart tvinga til å reisa og dei som vart verande i Palestina. Kvar og ein som er fødd med palestinsk far etter denne datoen, er å rekna som palestinar.
Artikkel 6. Jødar som normalt oppheldt seg i Palestina fram til den sionistiske invasjonen tok til er å rekna som palestinarar.
Innhaldsliste |
[endre] Opphav
Genetisk forsking dei siste åra har i stor grad stadfest at fleirtalet av dei muslimske og kristne palestinarane har jødar som sine nærmaste slektningar.
[endre] Inndeling
[endre] Kultur
[endre] Politikk
thumb|right|150px|Det palestinske flagget
[endre] Sjå òg
[endre] Utanfor Wikipedia
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |
Kategoriar: Spirer 2007-04 | Spirer utan emnekategori | Palestinarar | Levantinarar | Arabarar | Folkegrupper | Palestina | Syria | Libanon | Jordan | Vestbredda | Israel | Gazastripa | Egypt