Perumelde
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Planten perumelde eller quinoa (latin Chenopodium quinoa) er ein hardfør, næringsrik kornsort i meldefamilien utvikla i Andes i oldtida. Sorten har eit høgare proteininnhald enn andre kortsortar, og inneheld jern, kalium og magnesium. Frøa er dekt med eit harpiksstoff som må vatnast ut før dei kan takast i bruk.
Perumelde kan brukast i bakverk, supper og graut. Han vert nytta i glutenfri kornblandingar. Eksempel på mat som kan lagast av perumelde er «croquettar», pannekaker, brød og bollar. Ein variant av chicha vert laga av gjæra perumelde.
[endre] Anna
Nordamerikanske forskarar har tatt patent på hybridar frå den bolivianske quinoasorten, det kan gjere framtidig eksport av kornsorten frå Bolivia umogleg etter internasjonal rett.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Om quinoa hos tsjekkisk nettstad «Research Institute of Crop Production»
- Kommentar til EU-direktivet om «patent på liv»
[endre] Kjelder
![]() |
Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over matspirer. |
![]() |
Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene. |