Peter Erskine
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Erskine (f. 5. juni 1954) er ein amerikansk trommeslagar.
Erskine byrja å spele trommer som fireåring. 18 år gamal vart han med i Stan Kenton sitt storband. Tre år seinare kom han inn i storbandet til Maynard Ferguson, og i 1978 tok han over som trommeslagar i Weather Report. I 1982 slutta Erskine i Weather Report. Same år gav han ut det første albumet under sitt eige namn.
Erskine har utmerka seg som ein musikar som kan fungere innanfor mange ulike sjangrar. Han har spelt i storbanda til Bob Mintzer og Kenny Wheeler, og han har spelt i mindre akustiske grupper med mellom andre Diana Krall og Jan Garbarek. I tillegg til Weather Report, var han medlem av fusiongruppa Steps Ahead og Marc Johnson sitt band Bass Desires. Han har også spelt pop/rock med Steely Dan og Rickie Lee Jones. Som studiomusikar har han delteke på over 400 album, og han har gjeve ut ti plater med eigne band.