Trommesett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit trommesett (tidlegare kalla batteri) er ei samling trommer, cymbalar og eventuelle andre perkusjonsinstrument som er sett opp for å bli spelt av ein enkelt musikar. Trommesettet vert mest nytta innan moderne sjangrar som jazz og rock.
Trommesettet har vanlegvis ein eller fleire basstrommer (spelt med pedalar), skarptrommer og tamtamtrommer. Cymbalane kjem i ulike storleikar og vektklassar, og kan grupperast som «hihat», «ride», «crash» og «effektcymbalar». Hihat er eit sett med to cymbalar vende mot kvarandre. Desse vert monterte på eit eige stativ som gjer det mogeleg å slå cymbalane mot kvarandre ved hjelp av ein pedal.
I 1970-åra vart dei første elektroniske trommene tekne i bruk i progressiv rock. Desse har i dei seinare åra gått gjennom ei rivande utvikling. Det vert no selt mange elektroniske trommesett, med trykksensitive motstandar og lydar tilsvarande dei i akustiske trommer. Lydane er syntetiserte lydar eller opptak, lagra i ein digital trommemodul. Den same teknologien vert også nytta for å «trigge» akustiske trommer ved hjelp av sensorar som registrer slag på trommeskinna.
Det er stor variasjon i korleis ein nyttar trommesettet i ulike sjangrar. Både utvalet av trommer og cymbalar og stemminga av trommene vil vere ulikt frå stilart til stilart. I rock vert gjerne trommene stemt djupt. Basstromme og skarptromme står langt framme i lydbiletet, og markerer pulsen i musikken. Hihat og ridecymbal vert gjerne nytta for å skape stabile, repetative rytmefigurar, medan crash og effektcymbalar (t.d. «china» og «splash») vert meir brukt for aksentueringar. I akustisk jazz (særleg bebop og liknande stilartar) vert trommene tradisjonelt stemt lysare, og dei vert i mindre grad nytta for å markere pulsen.
[endre] Historie
Trommesettet vart til i USA i byrjinga av 1900-talet. På slutten av 1800-talet vart orkestertrommer nytta av orkester som spela til teater og andre framsyningar. Då var det i regelen ein musikar for kvart av instrumenta som basstromme, bekken, skarptromme og andre perkusjonsinstrument. I New Orleans var slavane tilletne å spele og synge sine tradisjonelle sangar. I deira musikkultur stod perkusjonsinstrumenta sentralt, også etter slavane vart formelt frigjevne. Den tradisjonelle musikken smelta saman med europeisk korpsmusikk, og dei europeiske perkusjonsinstrumenta vart slik nytta i marsjerande gravferdsband.
Då den tidlege jazzen vaks fram, med bakgrunn blant anna i desse banda, såg ein det som lite praktisk å bruke fleire trommeslagarar for å rekke over dei ulike instrumenta. Basstromma vart lagt ned for å bli spelt med foten, medan skarptrommer og cymbalar vart sett opp på stativ og stenger. Frå dette utgangspunktet vart det utvikla ein pedal for å spele på basstromma, og trommesettet hadde såleis vorte etablert som eit vanleg instrument rundt 1920. «Low boy», eit sett med cymbalar monterte på eit lågt stativ og styrt med ein pedal, var ein av dei viktigaste tilvekstane som kom i tiåra etter. Denne innretninga kom etterkvart til å utvikle seg til dagens «hihat».