Pink Floyd-songen Vera
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vera er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet deira The Wall i 1979.
Kvinna som songtittelen refererer til er Vera Lynn, som var ei britisk sangerinne under Andre verdskrig. Første tekststrofe, «Does anybody here remember Vera Lynn? Remember how she said that we would meet again some sunny day», refererer òg til ein av dei mest kjende songane hennar «We'll Meet Again». Dette er ein ironisk referanse sidan verken Roger Waters eller hovudrolla i The Wall, Pink, vil få møte far sin igjen, som døydde i krigen. Tekstlinja «Vera, what has become of you?» kan tyde at Vera Lynn sjølv, i lag med løftet hennar («We’ll meet again, don’t know where, don’t know when.»), har forsvunne, som igjen kan tolkast som at alt håp er ute.
Innhaldsliste |
[endre] Filmversjon
Filmversjonen av songen opnar med at Vera Lynn syng «The Little Boy That Santa Claus Forgot», ein song om ein gut utan far, som Roger Waters sjølv. I tillegg kan ein på første sporet av konsertutgåva av albumet høyre «We'll Meet Again» i staden for klippet frå «Outside the Wall», som er på studioversjonen.
[endre] Fakta
- Opningsdialogen ein kan høyre i bakgrunnen («Where the hell are you, Simon?») har lydeffektar frå filmen Battle of Britain frå 1969.
- På turnéen i 2006 spelte Roger Waters denne songen som ein del av ekstranummeret.
[endre] Medverkande
- David Gilmour - bass og akustisk gitar
- Roger Waters - vokal
- Richard Wright - synthesizer
- New York Orchestra
[endre] Kjelder
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8