Polis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Polis (gresk πόλις) er ei nemning på dei greske bystatane i antikken.
Ein polis var ofte demokratisk organisert og mesteparten av samfunnslivet var knytt til den den offentlige plassen (agora) og tempelområdet (akropolis). Dette var det politiske sentrumet i polisen (ordet politikk stammar frå polis). Utanfor bymurane låg polisen sitt område. Her hadde byborgarane kornåkrar, dyrka grønsaker eller eide hausta frå oliventre.
Byen og området kring tilhøyrde polis, men det var byborgarane som utgjorde sjølve polis. Polis kan definerast som eit kollektiv av menn med borgarrett. Dei fleste polis var små i folketal og utstrekking. I eit polis kjende alle til kvarandre.
[endre] Utviklinga av Polis
I arkaisk tid (800-500 f.Kr.) utviklar polisane seg . Polis-skipnaden vart til ved Egearhavet, og spreidde seg ut over området kring middelhavet.
Klassisk tid (500-323 f.Kr.) var tida då gresk kultur og kunst slo ut i full blomst. Dei greske polisane spela ei leiande rolle i middelhavsområdet. Perioda er rekna å ha starta ved persarkrigane og avslutta med Alexander den store.
Hellenistisk tid (323-330 f.Kr.) var tida då gresk sivilisasjon spreidde seg ut over det riket som Alexander erobra. Polisane mista hovudrolla og makta vart overførd til Alexander sine generalar og etterkomarane deira. Utover i perioda kom den greske verda meir og meir inn under den romerske republikken, og Romarriket.
[endre] Kjende polis
Chalkis
Syrakus
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |