Sparta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sparta (Σπάρτη) er ein by i Hellas. Byen var av dei mest kjende polisa i antikkens Hellas, og den mektigaste på Peloponnes. Ruinane av den antikke byen ligg i utkanten av den moderne.
Spartanerene var truleg etterfylgjarar av det folkeslaget som slo seg ned i Lakedaimondalen, om lag 1000 f.Kr. I motsetnad til dei fleste andre polis, ekspanderte Sparta over land, i motsetnad til å ekspandera over sjø, ved å grunnleggja nye polis i kystområde. Det einaste unntaket var kolonien Taras eller Tarentum i Sør-Italia (Magna Graecia), som vart grunnlagd kring 708 f.Kr. Sparta sitt landområde var i stordomstida på storleik med eit middels norsk fylke.
Sparta vart utgjort av perioikarane, helotane og borgarane. Perioikarane budde i landsbyar utenfor byen og hadde ingen politiske rettar i Sparta. Dei kunne difor ikkje eiga jordlottar på borgarene sitt land. Perioikarane kjempa lojalt for Sparta i krigar. Helotane var ufrie, men ikkje slavar. Dei kunne ikkje kjøpast og seljast, dei levde i sine eigne familiar og dei hadde visse rettar. Helotar som kjempa tappert i krig kunne få borgarrett, men uten fulle rettar.
[endre] Institusjonar i det spartanske samfunnet
For folk i den vestlege verda, i eit samfunn som i stor grad er bygd opp om prinsipp om menneskerettar og fridom for enkeltmenneska, vil den spartanske samfunnsstrukturen sjå til dels grufull ut (i den rette tydinga av ordet). Staten var eit elitesamfunn av krigarar, og Sparta låg i eit område med store konflikter om landegrensene, noko som førte til at dei måtte ha eit konstant sterkt militærapparat. I tillegg til det var spartanarane sjølve eit herskarfolk innan sin eigen stat, og var avhengige av å undertrykke bøndene i regionen med makt. I Sparta hadde aristokratiet (dei som kalla seg sjølve spartanarane) klart å halde på makta over dei andre greske innbyggjarane i området, som dei kalla helotar. Det vart aldri gjennomført noko vellukka demokratisk opprør. Helotane dreiv jordbruket, for spartanarane skulle dedisere liva sine til krig; spartanarane var staten og jordbruk låg under deira nivå.
Sparta var eit dobbeltmonarki, men til grunn i den spartanske polisstaten stod folkeforsamlinga, trass i at den ikkje hadde mykje reell makt. Her kunne alle borgarar (mannlege spartanarar, ikkje t.d. kvinner, slavar eller helotar) over 30 år sitte. Forsamlinga «valde» representantar til rådet, ved at dei kandidatane som fekk høgaste tilrop og mest klapping frå salen vart velde. Rådet stod igjen til ei viss grad ansvarleg for å utarbeide lovar og liknande, og dei var ansvarlege for å velge dei fem eforane blant borgarar over 60 år. Eforane stod på toppen av maktpyramiden og hadde ansvar for å passe på at kongane styrte etter dei gamle lovane, og at ingen av dei to kongane var feige i strid. Om kongane ikkje fulgte opp ansvaret sitt på desse punkta vart dei fjerna frå makta, og bytta ut med nye kongar.
Frå dei var sju år gamle vart alle spartanske menn plasserte i militærleirar; her skulle dei utdannast til å verte sterke og gode krigarar for staten Sparta. Når dei vart 20 år gamle hadde dei rett til å gifte seg; men alle måltid, og det meste av fritida skulle foregå i leirane fram til menna var 30 år gamle. Når mannen vart 30 år fekk han ansvar for ei lita gruppe med helotar, og staten gav han eit stykke jord, som han var ansvarleg for. Om helotane has rømde eller ikkje produserte nok mat risikerte mannen å misse statusen sin som borgar. Og sidan det ikkje fanst nokon måtar å få borgarrett utan å vere fødd av ein borgar sank talet på spartanske borgarar gradvis. På det meste hadde 8 000 spartanarar borgarrettar.
[endre] Kjelder
- no.Wikibooks.org: Eldre Verdshistorie: Kapittel 3 ({{{kommentar}}})