Qufu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qufu (kinesisk 曲阜) er ein by i Shandong-provinsen nordaust i Kina. Han er kjend som fødeplassen til Konfutse, og huser tempelet og grava hans, i tillegg til slektshuset til Kong-familien, etterkomarane til denne viktige tenkjaren. Desse bygga har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1994.
Byen var hovudstad for Lu-staten under Vår- og hausttida. I dag har Qufu rundt 60.000 innbyggjarar, men administrerer eit område der det bur 650.000. Han ligg om lag 13 mil sør for provinshovudstaden Jinan.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |