Rømø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rømø | |
---|---|
![]() Frå stranda vest på Rømø |
|
Geografi | |
Stad | Vadehavet |
Koordinatar | |
Øygruppe | Vadehavsøyane |
Areal | 129 km² |
Administrasjon | |
Land | Danmark |
Kommune | Skærbæk kommune |
Demografi | |
Folketal | 850 |
Folketettleik | 6,6 /km² |
Rømø (tysk Röm) er ei dansk øy som ligg 10 kilometer frå vestkysten av Jylland, heilt sør mot grensa til Tyskland. Rømø har 850 innbyggjarar og er ein del av Skærbæk kommune.
Rømø er flat, langstrakt i nord-sør-retning og den tiande største øya i Danmark med eit areal på 129 km². Øya er i sød forbunde til fastlandet av ein demning med bilveg oppå. Sør for Rømø ligg den litt større tyske øya Sylt. Det går bilferje mellom Rømø og Sylt.
Vestkysten av Rømø er ein enorm, brei sandstrand. Lengst i sør er ho størst og flatast. Der kan ein køyre strandbuggy, anten med segl eller drage. Den midtre delen kan sjå ut som den reine ørkenen med store sandbankar langs midten. Utanom bilvegen, kan ein køyre bil fra sør til nord langs den indre delen av stranda. Skog er det mest av aust på øya, der ho er høgare.