Røntgenstråling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![Eit røntgenbilde viser beina i føtene.](../../../upload/shared/thumb/f/f8/Calcar_Calcanei_01.jpg/180px-Calcar_Calcanei_01.jpg)
Røntgenstråling er ein type ioniserande elektromagnetisk stråling som har særskilde eigenskapar i høve til biologisk materiale. Strålinga har kortare bølgjelengd enn ultrafiolett stråling, men lengre bølgjelengd enn gammastråling, det vil seie ca mellom ti nanometer og ti pikometer.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
Strålinga kan mellom anna trenga gjennom mjukt vev i menneskekroppen, men ikkje skjelettet eller tyngre stoff som bly. På grunn av dette blir det mykje brukt mellom anna innan helsevesenet til å ta bilde av innsida av kroppen. Strålinga blir òg brukt innan materialundersøking og krystallografi.
Strålinga kan òg skada kroppen og auker risikoen for å få kreft. På den andre sida blir ho òg brukt til å drepa kreftsvulstar i stråleterapi.
[endre] Historie
Fysikaren Wilhelm Röntgen oppdaga strålinga i 1895, og tok det første røntgnebildet, av handa til kona si. For dette fekk han den første Nobelprisen i fysikk i 1901.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
![]() |
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |