Røvær
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røvær er eit lite øysamfunn som ligg utanfor Haugesund. Det er kring hundre fastbuande. Røvær høyrer til Haugesund kommune. På Røvær skule er det kring 20 elevar fra 1-10 klasse. Røvær barnehage har ope 17 timar for verka. Røvær landhandel nærbutikk på øya. Rutebåten Røværfjord har 6-7 daglege avgangar til Haugsund. På Røvær lever folk framleis av fiskeri, havbruk og jordbruk. Den gode komunikasjonen til byen gjer det mogleg å dagpendla. Om sommaren har Sjøhuset ope, med mellom anna komleservering. Det er òg mogleg å overnatta der.