Regjeringa Stoltenberg I
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Stoltenberg si fyrste regjering var den norske regjeringa som sat frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001.
Stoltenberg I-regjeringa var ei mindretalsregjering utgått av Arbeidarpartiet, som hadde 65 av dei 165 representantane i Stortinget bak seg. Regjeringa kom til makta då den første Bondevikregjeringa stilte kabinettspørsmål på gasskraftsaka. Fleirtalet i Stortinget, Arbeidarpartiet og Høgre, stemte for å senka utsleppskrava frå nye planlagde gasskraftverk og Bondevik-regjeringa gjekk av. Jens Stoltenberg fekk oppdraget med å danna ny regjering, som leiar for det største opposisjonspartiet. Regjeringa sat fram til Stortingsvalet 2001.
Desse sat i den første Stoltenberg-regjeringa:
- Statsminister - Jens Stoltenberg
- Utanriksminister - Thorbjørn Jagland
- Bistandsminister - Anne Kristin Sydnes
- Finansminister - Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
- Forsvarsminister - Bjørn Tore Godal
- Fiskeriminister - Otto Gregussen
- Sosialminister - Guri Ingebrigtsen
- Helseminister - Tore Tønne
- Samferdselsesminister - Terje Moe Gustavsen
- Kommunalminister - Sylvia Brustad
- Nærings- og handelsminister - Grete Knudsen
- Olje- og energiminister - Olav Akselsen
- Justisminister - Hanne Harlem
- Arbeids- og administrasjonsminister - Jørgen Kosmo
- Barne- og familieminister - Karita Bekkemellem Orheim
- Landbruksminister - Bjarne Håkon Hanssen
- Miljøvernminister - Siri Bjerke
- Kyrkje- utdannings- og forskningsminister - Trond Giske
- Kulturminister - Ellen Horn
Føregjengar: Regjeringa Bondevik I |
Norske regjeringar |
Etterfylgjar: Regjeringa Bondevik II |
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |