Regnskog
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regnskog er ei nemning på ein type skog der det er høg årleg nedbør av regn, minst 1700-2000 mm. Definisjonen av regnskog er noko uklar.
I ein tropisk regnskog er det alltid varmt og fuktig, mellom 27 og 35 grader. Ein regnskog er rik på ulike artar vekster og dyr. I regnskogane finn ein ⅔ av alla dyreartar og vekstartar på jorda. Det vert rekna at det i tillegg finst millionar av artar som ikkje er oppdaga og klassifiserte.
Regnskogane på Jorda ligg som eit sporadisk, breitt belte kring ekvator. Slik skogar finst i Mellomamerika og Vestindia, i nordre halvdel av Søramerika, Sentralafrika, i tillegg til Sørsaust-Asia. Skogane minskar heile tida i storleik på grunn av menneska si verksemd. Avskoging tek til å verta eit problem på mange kontinent.
Ein reknar med at regnskogen står for kring 40% av oksygenet i atmosfæra, gjennom fotosyntesen. Vegetasjonen er ein viktig forbrukar av atmosfærisk karbondioksid. Med alle sine funksjonar er regnskogane mykje viktige for klimaet på jorda.
Det finst to typar regnskog, tropisk regnskog og temperert regnskog. Tropisk regnskog er den ein oftast omtalar som regnskog. Temperert regnskog finst i visse tempererte område med fuktige vestvindar som til dømes den nordveslege kysten av Nordamerika, sørlege Chile, Australias søraustlege kyst og New Zealand. I regnskogar er nedbøren høg, noko som kan føra til at jorda vert skylla vekk i flaumar.
Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering |
---|
Gruppe A: Tropisk — Regnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As) |
Gruppe B: Tørt — Ørkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk) |
Gruppe C: Temperert — Fuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb) |
Gruppe D: Kontinentalt — Fuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd) |
Gruppe E: Arktisk — Tundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH) |
[endre] Lenkjer ut
- Forest Conservation Portal
- Rainforest Live - Facts & Figures
- Save The Rainforest
- Rainforest Alliance
- Virtual Rainforest Trip
- Regnskog Ecuador
Kategoriar: Geografi | Skog | Økosystem | Økologi