Reindriftsforvalting
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk reindriftsforvalting er ein offentleg organisasjon som forvaltar reindriftsnæringa, det vil seie dei som har drift med tamrein som næringsveg. Reindriftsforvaltningen i Noreg har hovedkontor i Alta. Reindriftsstyret er fagleg rådgjevar for den sentrale reindriftsadministrasjonen, reinforskinga og rettleiingstenesta i reindrifta. Reindriftsstyret har medlemmer oppnmenda av Kongen og av Sametinget.
I Noreg skal det vere om omkring 200.000 tamrein. Samisk tamreindrift vert drive i dei samiske områda i Noreg. Reindrifta vert forvalta gjennom seks reinbeiteområde.
- Øst-Finnmark reinbeiteområde
- Vest-Finnmark reinbeiteområde
- Troms reinbeiteområde
- Nordland reinbeiteområde
- Nord-Trøndelag reinbeiteområde
- Sør-Trøndelag og Hedmark reinbeiteområde.
Innhaldsliste |
[endre] Reinbeitedistrikt og driftseiningar
Kvart reinbeiteområde er delt inn i reinbeitedistrikt. Ordninga med inndeling i distrikt vart etablert på slutten av 1800-tallet. Ved utgangen av driftsåret 2005/06 var det totalt 82 reinbeitedistrikt i Noreg, fordelt på 72 sommar- og heilårsbeitedistrikt og 10 distrikt for vår-/haust- og vinterbeite for norsk reindrift eller som område for svensk reindrift.
Kvart reinbeitedistrikt er delt inn i fleire driftseiningar. Driftseiningane har løyve til å beite med eit visst antal rein innanfor distriktet sitt beiteland.
Driftseiningane som omgrep har ikkje rot i tradisjonell samisk reindrift. Her har siidaene vore den tradisjonelle eininga. Innanfor kvart distrikt driv samane reindrift i ein eller fleire siidaer eller driftsgrupper. Siidastrukturen kan variere noko mellom åra. Dei siste åra har det totalt vore rundt 110 sommersiidaer og rundt 150 vintersiidaer i Noreg.
Siidaene omfattar éin eller fleire driftseiningar. Innanfor kvar driftseining er det som oftast fleire reineigarar med kvart sitt reinmerke. Det var totalt 578 driftseiningar og 2 850 reineigarar i den norske reindriftsnæringa per 31. mars 2005. Finnmark har med 417 driftsenheter og vel 2.100 reineigarar hovudtyngda av reindrifta i Noreg.
[endre] Samisk reindrift, reindrift med grunneigarrett og villrein
Samane kan drive reindrift på om lag 40 % av landarealet i Noreg, på eit område frå Finnmark i nord til Engerdal i Hedmark i sør. Det er òg samisk reindrift i Trollheimen. I fjellområda i Sør-Noreg, sør for dei samiske områda, er det tamreinlag som driv reindrift basert på leigeavtalar.
[endre] På verdsveven
[endre] Andre kjelder
- Ot.prp. nr. 25 (2006-2007) Om lov om reindrift