Ricco Groß
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ricco Groß (fødd 22. august 1970 i Schlema i DDR) er ein tysk skiskyttar. Han er ni gonger verdsmeister (fire gonger individuelt, fem stafettar) og fire gonger olympisk meister (i stafett).
Som junior representerte han DDR. Han har vore på elitelandslaget sidan 1990, og har tatt medalje i fem vinter-OL på rad. Gross sin første verdsmeistertittel kom på stafetten i Lahti i 1991. Den første individuelle tittelen vann han på 20 km i Brezno-Osrblie i 1997. I OL var Gross med på å vinna stafettgull tre gonger på rad mellom 1992 og 1998. Dei siste VM-titlane kom i jaktstart og på stafett i Oberhof i 2004.
Gross er gift med Katrin, og har tre søner, Marco (f. 1995), Simon (f. 1998) og Gabriel (f. 2004). Klubben hans er Ski Club Ruhpolding.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- 2 tredjeplassar (2002/03 og 2003/04)
- Verdsmeisterskap:
- 9 gull, 4 sølv, 5 bronse
- Olympiske leikar:
- 4 gull, 3 sølv, 1 bronse (beste individuelle: sølv på sprint, 1992 og 1994)
- Verdscuprenn:
- 9 gull, 21 sølv, 21 bronse
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisielle heimesider på engelsk, tysk og russisk