Romsdalsdialekt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romsdalsdialekt er målføret i landskapet Romsdal* mellom Sunnmøre og Nordmøre. Dei tre historiske fogderia i Møre og Romsdal fylke har kvar sine distinkte og særmerkte målføre.
- Merk at landskapet Romsdal ikkje er det same som sjølve Romsdalen frå Åndalsnes til Bjorli. Romsdal strekkjer seg frå grensa mot Austlandet i aust, ned dalane, langs begge sidene av den mangearma Romsdalsfjorden og heilt ut i havet med dei romsdalske øyane.
[endre] Viktige kjennemerke
Romsdalsdialekt har mellom anna desse hovudkjennemerka:
Gjennomført tre kjønn, som nynorsk og alle norske målføre unnateke bergensk: Ein konge, ei dronning, eit slott.
E-ending i infinitiv av verb og linne hokjønnsord: Å gjere, å komme, ei jente*.
Tjukk l, men ikkje for rd. Bḷad, men /gar/ for gard.
Bortfall av endingsvokal i bunden form fleirtal: Gutaņņ for gutane.
Medan e-infinitiven knyter romsdalsdialekten til nordvestlandsk e-mål, peiker dei to sistnemnde målmerka mot trøndsk/austnorsk. Romsdalsk kan såleis kanhende seiast å vere eit slags grensemål mellom vest- og austnorsk.
- Eldre romsdalske nemningar for jente og gut er «taus» og «gåre»/«gårunge» (Ivar Aasen skriv ordet slik: "Gorre").
«Romsdalsordet» framfor noko må truleg vere ordet «foḷe» (med tjukk l), som er eit generelt forsterkingsord (som i "foḷe bra"), men åleine betyr noko sterkt negativt ("ta va foḷe" - dette var forferdeleg). Elles er "i" for "eg" også eit særmerke, det finst ikkje i så mange andre dialektar.
[endre] By og land
I Romsdal er det berre ein eigentleg by, Molde, men Åndalsnes har au bystatus. Hovudforskjellane på romsdalske bygdemål og Molde-dialekten er desse:
På bygdene seier dei «då» og «me», medan dei i Molde seier «da» og «vi».
Bydialekten har forenkla grammatikk og bøyingsmønster i forhold til bygdemåla.
Bydialekten har klare og sterke diftongar (tvilydar) der bygdemåla har monoftongisering av ei-lyden i ord som heil og veit og skeiv.
All romsdalsdialekt har dei grunnleggjande kjennemerka som er nemnde til å begynne med i denne artikkelen, og ligg sjølvsagt nærmare nynorsk enn bokmål.