Rubina Rana
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rubina Rana (27. mai 1956–15. juli 2003) var ein norsk politikar for Arbeiderpartiet. Rana vart fødd i Pakistan og flytt til Noreg i 1978. Ho var medlem av Oslo bystyre i perioden 1995-2003. I 1999 blei ho kjent då ho leia 17. mai-komiteén i Oslo og gjekk fyrst i barnetoget. Ho var den fyrste med ikkje-vestleg bakgrunn som hadde dette vervet. Det vart retta drapstruslar mot henne og ho gjekk saman med to livvaktar fremst i 17. mai-toget.
Ho døydde i Oslo av kreft etter lengre tids sjukdom.
Det er vedteke (mars 2006) at ei ny gate på Grønland i Oslo blir kalla opp etter henne. Det blir den fyrste gata i Oslo kalla opp etter ein ikkje-vestleg innvandrar.
[endre] Utdanning
- 1978 Bachelor of Arts, Punjab University.
- 1982 Norsk, Universitetet i Oslo.
[endre] Kjelder
- «Rubina Rana» på Bokmålswikipediaen
- Artiklar i Dagbladet og Aftenposten
- Aftenposten 3. mars 2006
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |