Sørvær
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Sørvær er eit fiskevær i Hasvik kommune i Finnmark. Staden ligg nordvest på Sørøya. Det går fylkesveg frå Sørvær til Breivikbotn. Det er barnehage og barneskule på staden.
Sørvær vart bygd opp på tre nakne holmar. Det har ikkje vore tilhøve for dei som bur der å drive med jordbruk attåt fiske, og dette har gjort Sørvær heilt avhengig av fisket.
Då den tyske militærmakta måtte trekkje seg ut av Finnmark i 1944, svidde dei av heile Sørvær. I oppattbygginga etter krigen var hjelp frå Hamar svært viktig.
[endre] Kjelder
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |