Sakrament
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit sakrament (latin sacramentum) er ei heilag handling som formidlar guddommeleg nåde gjennom eit ytre middel, i kyrkja eit synleg tegn på Guds usynlege nåde.
Sakramenta er rituelle handlingar. I den evangelisk-lutherske kyrkja er det berre dåp og nattverd som vert rekna som sakrament. Den ortodokse og Den katolske kyrkja har sju sakrament:
- dåp
- nattverd
- konfirmasjon
- skriftemål
- salving av sjuke
- ordinasjon
- ekteskap.
Dei forskjellige kyrkjesamfunna ser ulikt på korleis sakramenta virkar og kva dei tyder for menneska.